Verdi i etikk

For andre tydingar av oppslagsordet, sjå verdi.

Verdi viser i etikken (moralfilosofien) til det vi held høgt. «Det» kan vere så mangt. Ordet kom inn i etikken via økonomiteori i moderne tid. Verdiar er anten noko i seg sjølv (noko har verdi i seg sjølv) eller noko som vert gjeve verdi, t.d. pengesetlar. Verdiar i seg sjølve vert gjerne uttrykte med abstrakte omgrep: likeverd, toleranse, fridom. Ei forklaring på dette fenomenet er at desse verdiane krev noko av oss (teori frå den tyske filosofen og fenomenologien Max Scheler) til skilnad frå det vi berre gjev verdi og der vi mest brukar konkrete omgrep (fotball) eller konkretar (denne fotballklubben NN). Som med alle abstrakte omgrep og substantiv treng vi eit døme for å forstå verdiar i seg sjølve, for abstrakte omgrep kan ikkje berre vise til andre abstrakte omgrep. Før eller seinare treng vi eit døme for å skjøne kva verdiane handlar om, til handlingar og såleis episoder eller forteljingar (narrative døme). Verdiar kan vi finne på mange plan: arts‑, individ‑ og samfunnsplan.

ArtsverdiarEndra

I biologisk vurdering at noko har verdi for ein art betyr at dette «noko» fremjar det at medlemmene i ein bestemt art overlever inntil avkom er fødde, og eventuelt sørgde for, slik at arten såleis vert ført vidare.

Individuelle verdiarEndra

At noko har verdi for individet tyder at dette «noko» har fordelaktige konsekvensar for enkeltpersonar.

I boka til Kjartan Skogly Kversøy Etikk - en praktisk vinkling, 2. utgåve, blir etikk forklart som refleksjon over moral.

SamfunnsverdiarEndra

Samfunnsverdiar er kollektive og ikkje alltid medvitne.

KjelderEndra