Etikk, eller moralfilosofi, er den filosofiske refleksjonen om kva som er moralsk rette og galne handlemåtar.[1] Etikk består av normer og prinsipp om korleis eit individ bør eller skal handla i ein situasjon.[2][3] Viktige spørsmål i etikken handlar om kva som er ei god handling og kva eit menneske skal gjera når det står overfor eit moralsk val. Ein skil mellom korleis eit individ bør handla (normativ etikk) og korleis eit individ i eit samfunn de facto handlar (deskriptiv etikk).[4]

Det finst ulike etiske teoriar som legg vekt på ulike ting når menneske skal avgjera korleis dei skal handla:

  • Me bør utvikle dygder, som det å vera ærleg, rettvis og modig (dygdsetikken).
  • Me bør skapa mest mogleg lykke for flest mogleg menneske (eller alle levande skapningar) (utilitarismen).
  • Me bør laga oss faste prinsipp og utvikla ei pliktkjensle slik at me handlar i samsvar med prinsippa våre (pliktetikken).

Dygdsetikken er personorientert, medan pliktetikken og utilitarismen er handlingsorientert.

Kjelder endre

  1. Secretariat, Treasury Board of Canada (19. april 2008), «What is ethics?», www.canada.ca, henta 8. november 2022 
  2. «Etikk», Filosofi.no (på norsk bokmål), henta 8. november 2022 
  3. «Etikk», Regjeringen.no (på norsk), 3. mars 2020, henta 8. november 2022 
  4. Aanesen, K.H. «Hva er etikk?» (på bokmål). NDLA. Henta 8. november 2022.