Verdsveven (engelsk World Wide Web eller berre the Web) er eit nettverk av hypertekst-sider (vevsider eller websider) på Internett som følgjer Hypertext Transfer Protocol (HTTP).[1] Han er i dag den mest brukte tenesta på nettet, og er gjerne dét dei fleste meiner når dei snakkar om å bruka nettet.

Ei webside ligg på, eller vert generert av, ein webtenar. Webtenarane kommuniserer med brukarane sine nettlesarar for å levera innhaldet av dei sidene brukarane ber om (i daglegtale «går til» eller «vitjar»). Hypertekst-innhaldet er pakka inn i formateringskodar som fortel nettlesaren korleis han skal presentera tekst og grafikk (og eventuelt lyd) for brukaren.

For å kunna visa ei webside som ligg på Verdsveven, treng nettlesaren ein URL (Uniform Resource Locator), til dagleg kalla «web-adresse». Eit døme på ein URL er http://nn.wikipedia.org/wiki/Verdsveven.

Andre typar filer (enn hypertekst) kan òg knytast til Verdsveven, t.d. PDF-dokument, vanleg tekst eller bilete. Ei webside kan òg fungera som «portal» til heilt andre funksjonar på Internett, t.d. filoverføring eller e-post.

Alle som vil, kan leggja ut materiale på Verdsveven. Ein treng berre ei datamaskin og ei Internett-tilkopling. Det finst nesten ingen sensur eller kontroll av det som vert publisert. URL-ane til sider ein vitjar ofte, kan ein i dei fleste nettlesarar lagra i ei liste av favorittar. Men for å finna fram i dei mange millionane av andre sider, er det nyttig å bruka ein søkjemotor.

Sjølv om han er ei ganske ny oppfinning, har Verdsveven i dag truleg over 800 millionar brukarar (sjå tal nedanfor).

Historie endre

Internett var allereie svært utbreidd i universitets- og forskings- (og programvareutviklar-)miljø før Verdsveven vart funnen opp. (Dei 10 000 datamaskinene som var knytte saman via ARPANET og BITNET i 1987, hadde vakse til 100 000 i 1989 og over ein million i 1992.) Dei mest brukte tenestene var på den tida m.a. diskusjonsgrupper, gopher, ftp, IRC og e-post.

Den første nettlesaren for hypertekst kom i november 1990, frå sveitsiske CERN (Conseil Européen pour la Recherche Nucléaire). Dei ante potensialet i oppfinninga og kalla tenesta «World Wide Web» (verdsvid vev) eller berre «www».

Den 15. januar 1992 vart tenesta gjort offentleg tilgjengeleg, og i løpet av det neste halvtanna året vart det sett i drift om lag 50 webtenarar rundt omkring i verda. Etter kvart utgjorde dette ein «kritisk masse», og Verdsveven vart med eitt den mest effektive måten å finna informasjon på Internett på.

I løpet av 1993–1994 vart det publisert mange millionar websider for firma, vitskaplege institusjonar og ikkje minst privatpersonar over nesten heile verda, og dette var truleg den viktigaste grunnen til at folk flest fekk augo opp for Internett rundt midten av 90-talet.

Talet på webtenarar har deretter vakse raskt. Her er nokre estimat:

1998: 2 600 000
1999: 4 700 000
2000: 7 100 000
2001: 8 400 000
2002: 8 800 000

Berre på om lag 1/3 av webtenarane ligg det informasjon fritt tilgjengeleg for alle. På 1/3 er innhaldet reservert for registrerte brukarar, og på resten er det ikkje noka innhald av generell interesse å snakka om, det er stort sett søkjemotorar og peikarar til andre webtenarar, pluss websider med personleg innhald eller meldingar om at «innhaldet er uferdig».[2]

Forsøk på å rekna ut kor mange brukarar Verdsveven har, har kome fram til ulike svar. Internet World Stats[3] rekna i 2004 ut at 812 931 592 menneskje har tilgang til Verdsveven, og at 286 642 800 (35%) av desse brukar engelsk, 105 736 200 (13 %) kinesisk, 66 763 800 (8 %) japansk og 55 887 100 (7 %) spansk.

Kjelder endre

  1. «What is the difference between the Web and the Internet?». W3C Help and FAQ. W3C. 2009. Arkivert frå originalen 9. juli 2015. Henta 16. juli 2015. 
  2. Online Computer Library Center, http://www.oclc.org/
  3. http://www.internetworldstats.com/