Vere ishaug
Vere ishaug er ein liten ishaug som ligg i Wilkinsisen utanfor vestkysten av Aleksanderøya i Antarktis. Han vart grovt kartlagt frå lufta av British Antarctic Survey på ein flytur med radioekkolodd den 1. februar 1967 og seinare nøyaktig plassert på kartet frå U.S. Landsat-bilete frå februar 1979. Han vart namngjeven av UK Antarctic Place-Names Committee i 1980 etter løytnant Robert P. Vere i RAF som var andrestyrmann på Twin Otter-flyet som vart nytta under flyturen.
Vere ishaug | |||
ishaug | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Aleksanderøya | ||
- koordinatar | 70°27′S 72°44′W / 70.450°S 72.733°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Vere ishaug 70°27′00″S 72°44′00″W / 70.45°S 72.7333°W | |||
Sjå òg
endreKjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Vere Ice Rise» (innhald frå Geographic Names Information System).