Verena Sailer (fødd 16. oktober 1985 er ein tysk tidlegare sprintar frå Illertissen som i 2010 vart europameister på 100 meter og i 2012 i 4 x 400 meter stafett. I august 2013 sette ho personleg rekord med 11,02 sekund i Weinheim.

Verena Sailer


Statsborgarskap Tyskland
Fødd 16. oktober 1985 (39 år)
Illertissen
Idrett friidrett
Tok del i Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2012

Karriere

endre

Sailer var med i det tyske mannskapet som kom på femteplass i 4 x 100 meter stafett i OL i Beijing. Under VM i friidrett 2009 i Berlin sprang ho Tyskland inn til bronsemedalje i stafetten, dagar etter ho vart slått ut i semifinalen på 100 meter etter eit løp på 11,24 sekund.

I EM i friidrett 2010 i Barcelona kneip Sailer gullmedaljen på 100 meter, med tida 11,10 slo ho sølvvinnaren med eitt hundredels sekund. To år seinare kom ho på sjetteplass i 100-metersfinalen ved EM i friidrett 2012 i Helsinki. Deretter fekk ho gleda av å springe Tyskland inn til triumf i 4 × 100 meter stafett; Leena Günther, Anne Cibis og Tatjana Pinto tok seg av dei tidlegare etappane. Under dei olympiske leikane i London enda dei europeiske stafettmeistrane på femteplassen, på 100 m individuelt vart Sailer slått ut i semifinalen. Sidan var ho òg ankerkvinne for dei tyske stafettlaga som kom fjerdeplass i VM i friidrett 2013 og femteplass i VM i friidrett 2015.

Kjelder

endre