Veronica Kristiansen

norsk handballspelar

Veronica Egebakken Kristiansen (fødd 10. juli 1990) er ein norsk handballspelar som sidan sommaren 2015 har spelt på den danske klubben Midtjylland. I tida 2014-17 vann ho to EM-gull, VM-gull, VM-sølv og OL-bronse med det norske landslaget. Perioden 2013-18 deltok ho i 130 landskampar og skåra 438 mål.

Veronica Kristiansen
Veronica Kristiansen 20150319.jpg
Fødd 10. juli 1990
Egersund
Yrke handballspelar
Veronica Kristiansen på Commons

Kristiansen var Våg-spelar til 2011. Dei neste fire åra spelte ho på Glassverket IF, før ho sommaren 2015 melde seg til teneste for Midtjylland.

Kristiansen landslagsdebuterte 20. mars 2013 mot Danmark. Seinare i debutåret deltok ho i handball-VM 2013. Hausten 2014 vann Noreg EM 2014, der Kristiansen fekk bra med speletid på venstre rykkrom-plass. Ho var ein sentral spelar då Noreg vart verdsmeister i 2015, etter ein klar siger over Nederland i finalen. I året 2016 var ho i august månad med på å take OL-bronse under Sommar-OL 2016 i Rio de Janeiro, og fire månader seinare vart ho europameister for andre gong, Nederland var også her motstandar i begge avslutningskampane.

MerittarEndra

  • Handball-VM 2013: Nr 5 med Noreg
  • Handball-EM 2014: Gullmedalje etter 28-25 over Spania
  • Handball-VM 2015: Gullmedalje etter 31-23 over Nederland
  • Sommar-OL 2016: Bronsemedalje etter 36-26 over Nederland
  • Handball-EM 2016: Gullmedalje etter 30-29 mot Nederland
  • Handball-VM 2017: Sølvmedalje etter 21-23 mot Frankrike
  • Handball-EM 2018: Nr 5 etter 38-29 mot Sverige

KjelderEndra