Opna hovudmenyen

Gaius Verres (cirka 115 f.Kr.-43 f.Kr.)[1] var ein romersk embetsmann som vart illgjeten for økonomisk utsuging av folkesetnaden på Sicilia då han var guvernør på øya i 73-71 f.Kr. Han gjekk i eksil for å unngå det klagemålet som vart reist av Cicero på vegner av ibuarane på øya. I ettertid publiserte Cicero, som ikkje ønskte at materialet han hadde samla inn skulle gå til spille, dei fire talene mot Verres.[2] Cicero vann ry som aktor i saka, og talene gjev eit levande, men naturleg nok sterkt farga bilete av tilhøva i Romarriket på denne tida.[3] Talene er delvis omsett til norsk av Samson Eitrem i Kunstsamleren på Sicilien (1929).

KjelderEndra

  1. «Gaius Verres». Encyclopædia Britannica. 2018. Henta 1. juli 2019. 
  2. Aschehoug og Gyldendals store norske leksikon. Oslo: Kunnskapsforl. 1981. s. 407. ISBN 8257300365. 
  3. «Verres» i Salmonsens konversationsleksikon. (Andre utgåve) XXIV: Tyskland—Vertere. (1928). København: J. H. Schultz Forlagsboghandel. Henta 24. juni 2019.