Vestfossen Idrettsforening

Vestfossen Idrettsforening er eit idrettslag heimehøyrande på Vestfossen i Øvre Eiker kommune i Buskerud, stifta 20. januar 1910. Laget er aktivt med i fotball, handball, skiidrett, tennis og turn. Vestfossen IF spelar heimekampane i kvite trøyer og resten grønt.

Vestfossen sitt fotballag for menn har dei siste tiåra jamnast spelt på nivå fire og fem i det nasjonale seriesystemet. På 1950-talet deltok laget i landsdelsserien/nivå to i fem sesongar. Knut Sandengen var den store spelaren desse åra og i 1956 spelte han fire landskampar på Noregs landslag og skåra to landslagsmål.

Kjelder

endre