Vestnorsk fjordlandskap
Vestnorsk fjordlandskap vart ført inn på UNESCO si verdsarvliste den 14. juli 2005. Verdensarvområdet omfatter dei to delane Nærøyfjordområdet i Sogn og Fjordane/Hordaland og Geirangerfjordområdet i Møre og Romsdal. Til saman utgjer området 1227 km2, av dette er 107 km2 er sjøareal.
Vestnorsk fjordlandskap vart listeført under kriterium VII og VIII, med fylgjande, framifrå universelle verdi:[1]
Vestnorsk fjordlandskap er klassiske, framifrå velutvikla fjordar, og vert rekna for å vere typelokalitet for fjordlandskapa i verda. Storleiken og kvaliteten på desse fjordane kan samanliknast med andre fjordar på Verdsarvlista, og dei utmerkjer seg med sine klimatiske og geologiske tilhøve. Området syner alle element av landformer knytt til dei indre delane av to av dei lengste og djupaste fjordane i verda.
Nærøyfjord- og Geirangerfjordområda vert rekna mellom dei framifrå vakraste fjordlandskapa på kloden. Deira unike naturvenleik kjem av dei tronge dalgangane med bratte krystallinske bergsider som strekkjer seg frå 500 m under vassflata til 1400 meters høgde over Norskehavet. Eit utal fossar kastar seg utfor dei stupbratte fjellveggane, medan talrike frie elvar renn frå takkete fjell, brear og bre-sjøar, gjennom lauv- og barskog, og ned til fjorden. Eit stort mangfald av andre naturfenomen på land og i vatn med m.a. undersjøiske morenar og sjøpattedyr, forsterkar naturopplevinga. Restar av eldre, no for det meste nedlagde gardsbruk og stølar, tilfører det dramatiske naturlandskapet ein kulturell dimensjon som utfyller og aukar den samla verdien av området.
Galleri
endre-
Plakett ved skolehuset på Bakka i Nærøyfjorden, avduka av Dronning Sonja 10.juni 2006
-
Grenda Bakka ligg fem kilometer nordom Gudvangen.
-
Geirangerfjorden
-
Ferje på Nærøyfjorden
-
Nærøyfjorden
-
Turistferje på veg ut Nærøyfjorden
-
Geirangerfjorden med Ørnevegen til venstre og Geiranger sentrum i bakgrunnen.
-
Fossane "Dei sju systrene" og fjellgarden Knivsflå
Referansar
endre<references>
- ↑ Fylkesmannen i Sogn og Fjordane: Forvaltningsplan for vestnorsk fjordlandskap, delområde Nærøyfjorden, Rapport nr 1, 2008