Vesto Slipher
amerikansk astronom
Vesto Melvin Slipher (11. november 1875–8. november 1969) var ein amerikansk astronom som gjorde i 1912 dei første målingane av radialsnøggleiken til galaksar, og gav det empiriske grunnlaget for ekspansjonen til universet.[1] [2]
Vesto Melvin Slipher | |||
Fødd | 11. november 1875 Mulberry i Indiana | ||
---|---|---|---|
Død | 8. november 1969 (93 år) Flagstaff i Arizona | ||
Nasjonalitet | amerikansk | ||
Område | Astronomi | ||
Yrke | astronom | ||
Institusjonar | Lowell-observatoriet | ||
Alma mater | Indiana University Indiana University Bloomington | ||
Kjend for | Det ekspanderande universet | ||
Medlem | American Academy of Arts and Sciences American Association for the Advancement of Science National Academy of Sciences |
Slipher arbeidde ved Lowell-observatoriet frå 1901, og han var direktør ved observatoriet frå 1917 til 1954. Han var den første som viste at mange galaktiske tåker har refleksjonsspektrum, og gjorde utstrekte undersøkingar av planetane.
Kjelder
endre- ↑ «Nesto (sic) Slipher, 93, Astronomer, Dies». The New York Times (Flagstaff, AZ, publisert November 10, 1969). November 9, 1969. s. 47. ISSN 0362-4331.
- ↑ Way, M.J.; D. Hunter, red. (2013). Origins of the Expanding Universe: 1912-1932. ASP Conference Series 471. Astronomical Society of the Pacific.
- «Vesto Slipher», Store norske leksikon, 14. februar 2009, henta 13. august 2014