Vestre Sandfjorden
Vestre Sandfjorden er ein fjord på Vanna i Karlsøy kommune i Troms. Fjorden strekkjer seg 2,5 km søraustover til Sandfjordbotnen.
Fjorden har innløp mellom Nakkesletta i vest og Solstad i aust. Bortsett frå dei veglause gardane Solstad og Sandfjord ved innløpet til fjorden er det ingen busetnader her.