Vicente del Bosque
Vicente del Bosque Gonzales, marki av del Bosque, (fødd 23. desember 1950 i Salamanca) er ein spansk fotballtrenar og tidlegare fotballspelar. For tida er han landslagstrenar for det spanske herrelandslaget i fotball, noko han har hatt svært stor suksess med.
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Vicente del Bosque González | ||
Fødd | 23. desember 1950 (74 år) | ||
Fødestad | Salamanca i Spania | ||
Posisjon | Midtbanespelar | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar | (Mål) |
1967–1968 | Plus Ultra | 11 | (5) |
1968–1984 | Real Madrid | 446 | (30) |
1970–1971 | → CD Castellón | 13 | (4) |
1971-1972 | → Córdoba (lån) | 19 | (1) |
1972–1973 | → Castellón (lån) | 30 | (5) |
Totalt | 518 | (45) | |
Landslag | |||
1969 | Spania U-18 | (0) | |
1975–1980 | Spania | 18 | (1) |
Trenar for | |||
1987–1990 | Castilla | ||
1994 | Real Madrid (midlertidig) | ||
1996 | Real Madrid (midlertidig) | ||
1999–2003 | Real Madrid | ||
2004–2005 | Beşiktaş | ||
Landslagstrenar for | |||
2008–2016 | Spania | ||
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga |
Som fotballspelar spelte del Bosque for Real Madrid, Plus Ultra, CD Castellón og Córdoba CF i tillegg til å spela atten kampar for det spanske landslaget. Han la opp som profesjonell spelar i 1984.
I 1987 tok han over som fotballtrenar i Real Madrid, ei stilling han hadde i fleire periodar fram til 2003. I 2008 tok han over som landslagstrenar etter Luis Aragonés. Aragonés gjekk av etter å ha gjort laget til europameistrar i EM i fotball 2008. Med del Bosque som trenar gjekk det spanske landslaget vidare til å bli verdsmeistrar under VM i fotball 2010 og europameistrar for andre gong på rad under EM i fotball 2012.
Meritar
endre- Spansk seriemeister: 1975, 1976, 1978, 1980 og 1981 med Real Madrid
- Spansk cupmeister: 1974, 1975, 1981 og 1982 med Real Madrid
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Vicente del Bosque» frå Wikipedia på engelsk, den 11. juli 2012.