Victoria Police Pipe Band

Victoria Police Pipe Band er eit sekkepipekorps frå Melbourne i Australia som har vunne verdsmeisterskapen, World Pipe Band Championships. Korpset er framleis verksamt i dag, men med redusert medlemstal og ikkje verksamt i konkurransar meir, etter ei kontroversiell avgjerd i 2000 om å omforma det.

Victoria Police Pipe Band
Skipa1936
Nettstadhttps://www.police.vic.gov.au/victoria-police-pipe-band Sjå dette på Wikidata

Victoria Police Pipe Band er det einaste australske korpset i historia som har oppnådd tittelen Grade One World Pipe Band Champion. Det oppnådde tre tredjeplassar i verdsmeisterskapen i åra før sigeren i 1998. Bandet har òg gjeve ut fleire album som har hatt internasjonalt suksess.

Historie endre

Korpset blei grunnlagt i 1936, med finansiering frå W.E. McPherson, noko som var bakgrunnen for at det brukte McPherson-tartanen. Dei fyrste medlemmane var ei lita gruppe politifolk. Lite er dokumentert frå dei fyrste femti åra, men ein går ut frå at det stort sett bestod av politifolk som opptredde på deltid.

I 1987 byrja korpset formelt å prøva å bli verdsmeistrar. Det rekrutterte Nat Russell frå det nordirske Royal Ulster Constabulary som Pipe Major, og fekk statleg finansiering slik at det kunne tevla i Grade Two-konkurransar i Australia. Eit år seinare vann det tittelen Australian Grade Two Champions og fekk tredjeplassen i World Pipe Band Championships i august for same grad. Dette gjorde at korpset blei oppgradert til Grade One.

Det neste tiåret dominerte Victoria Police Pipe Band dei australske konkurransane. I 1992, 1994 og 1997 vann korpset tredjeplassen i verdsmeisterskapen, denne gongen i Grade One.

Etter nokre små justeringar av dåverande Drum Sergeant Harold Gillespie og Pipe Major Nat Russell, blei Victoria Police Pipe Band krona som verdsmeistrar i Glasgow i 1998.

I oktober 2000 var konkurransedagane til korpset over då det blei omdanna. Det har sidan mest opptredd ved offisielle funksjoner, for velgjerdsorganisasjonar og skular.

Innspelingar endre

Korpset har gjeve ut fleire album, mellom anna:

  • Uphold the Right (1991)
  • Live in Concert in Ireland (1993)
  • Live in the Rockies (1996)
  • Master Blasters (1998)
  • The MasterBlasters Concert, Live in Motherwell
  • World Pipe Band Championships (1992, 1993, 1994, 1995, 1996, 1997, 1998)

Korpset har òg vore med på dei følgjande innspelingane:

  • A Celebration in Music and Song (2003)
  • Decade of World Champions 1990-1999 (2000)
  • Great Highland Bagpipe Collection - March, Strathspey, Reel (1999)
  • Pipes 'N Things (2003)
  • Piping Up (2000)
  • Scottish Gold - In the Piping Tradition (1995)
  • Scottish Collection - The Pipes and Drums (1999)

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre