Vidar Davidsen

norsk fotballspelar

Vidar Terje Davidsen (fødd 4. januar 1958) er ein norsk tidlegare fotballspelar som vann tre seriegull og eitt cupmeisterskap med Vålerengen IF i tida 1980-84. Gjennom åtte sesongar, 1979-86, spelte han 46 landskampar for Noreg og skåra fem landslagsmål. Han var trenar for Vålerenga då laget triumferte i fotballcupen 1997.

Vidar Davidsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 4. januar 1958 (66 år)
Oslo
Yrke fotballspelar
Nettstad http://www.vidardavidsen.no/

Spelar endre

Klubbspel endre

Davidsen spelte for Bærum SK i 1976. Dei neste tre sesongane var han Frigg-spelar, eit lag som då hevda seg bra i 2. divisjon, men utan å kunne rykke opp i toppdivisjonen. Perioden 1980-86 var han eit fast innslag på midtbana til Vålerenga. I laget si beste tid på fotballbana var han med å verte cupmeister i sin fyrste sesong. Sesongane 1981, 1983 og 1984 sikra han seg og Vålerenga tre seriemeistertitlar. I 1987-sesongen var Davidsen Lillestrøm-spelar, utan å utmerke seg. Sidan var han spelande trenar i Bærum SK.

Landslagsspel endre

Davidsen debuterte på det norske landslaget 9. august 1979 og skåra det einaste målet då Noreg vann over Finland. I åra framover spelte han i alt 46 landskampar, og skåra fem landslagsmål. Han vert særleg hugsa for målet han skåra då Noreg hausten 1985 overraska og slo Italia 2-1 i ein vennskapskamp på bortebane i Lecce.

Merittar endre

  • Seriemeister: 1981, 1983 og 1984 med Vålerengen
  • Noregsmeister: 1980 med Vålerengen
  • Tapande cupfinalist: 1983 og 1985 med Vålerengen

Trenar endre

Davidsen trena Vålerenga i åra 1993-97, Lyn 1998-2001 og Strømsgodset IF i 2003-04. Sett vekk frå 1997-sesongen, då han førte Vålerenga til opprykk frå nivå to og siger i noregsmeisterskapen i fotball, hadde han lite suksess med trenargjerninga.

Kjelder endre