Lecce

kommune i Italia

Lecce er ein by i Italia. Han er hovudstad i provinsen Lecce i regionen Puglia og har om lag 100 000 innbyggjarar.

Lecce
Luftfoto av Lecce
Luftfoto av Lecce
Luftfoto av Lecce
Plassering
Lecce is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Puglia
Lecce
Borgarmeister Paolo Perrone
Geografi
Flatevidd
 - By

238 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2005)
   - folketettleik

102,570
  350/km²
Koordinatar 40°21′″N 18°10′″EKoordinatar: 40°21′″N 18°10′″E
Høgd over havet 49 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 73100
Telefon-retningsnummer 0 832
Nettstad: www.comune.lecce.it

Lecce vert stundom kalla «La Firenze del Sud» («Firenze i sør») på grunn av dei mange viktige barokkunstverka som finst her. Lecce ligg i området Salento, som utgjer «helen» på «den italienske støvelen». Ein annan viktig by her er Otranto. Lecce er eit viktig jordbruks- og industrisenter (olje, vin og keramikk).

Den såkalla «Leccesteinen» er er den viktigaste eksportartikkelen frå byen. Steinen er mjuk og smidig og er eit kjent materiale for bruk i skulpturar.

Historie endre

 
Santa Croce i Lecce

I følgje ei segn fanst det ein by kalla Sybar her i tida før krigen mot Troja, grunnlagd av den italiske stamma Messapii. Seinare vart han okkupert av iapygearane og erobra av romarane200-talet fvt., som gav han det nye namnet Lupiae.

Under keisar Hadrian (100-talet evt.) vart byen flytta 3 km nordaustover og fekk namnet Licea eller Litium. Lecce fekk eit teater, eit amfiteater og var forbunde til den hadrianske hamna (i dag San Cataldo).

Etter Vestromarriket sitt fall vart Lecce ein del av gotarkrigen, då han vart plyndra av den austgotiske kongen Totila. Austromarane erobra han i 549 og han vart ein del av Austromarriket i fem hundre år, bortsett frå kortare avbrekk under sarasenarar, langobardar, ungararar og slavarar.

Etter normannarane erobra byen på 1000-talet vart Lecce ein viktig handelsby og heldt fram med å bløme under styra til Hohenstaufen og angevinane. Grevskapet Lecce vart eit len i Kongedømet Sicilia frå 1053 til 1463, då han vart direkte annektert til krona. Frå 1400-talet og fram over auka Lecce statusen sin som ein av dei viktigaste byane i Sør-Italia og frå 1630 vart det bygd flotte barokkmonument i byen. Den største trugselen var invasjon frå osmanarane og det vart bygd nye bymurar og ei borg av keisar Karl V den første halvdelen av 1500-talet.

I 1656 braut det ut pest i byen og mange tusen av innbyggjarane mista livet.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Lecce

Kjelder endre