Vidar Hansen

norsk fotballspelar

Vidar Hansen (fødd 24. desember 1954) er ein norsk tidlegare fotballspelar frå Askim i Østfold. Han spelte vanlegvis veng.

Vidar Hansen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 24. desember 1954 (69 år)
Askim kommune
Idrett fotball

Karriere endre

Klubbspel endre

Hansen spelte fram til 1976 for tredjedivisjonslaget Askim IF. År 1977 var han andredivisjonsspelar i Fredrikstad FK. Perioden 1978-80 gjorde han teneste i topplaget Lillestrøm SK. Med dette laget vann han kongepokal hausten 1978, han skåra begge måla då det vart siger 2-1 i cupfinalen mot SK Brann. To år seinare tapte Lillestrøm og Hansen NM-finalen. Gjennom tre sesongar deltok Hansen i 57 av LSK sine seriekampar. Åra 1981-84 og 1986-87 spelte han på ny for Fredrikstad FK. Hausten 1984 skåra Hansen eitt av måla då NM-finalen mellom FFK og Viking FK enda uavgjort 3-3 i fyrste kamp. Omkampen enda med siger til FFK. År 1985 og sesongane 1988-89 var Hansen aktiv i lokalt fotball nivå med høvesvis Ørje og Kråkerøy.

Landslagsspel endre

Hansen debuterte på landslaget som innbytar 26. oktober 1979. Så måtte han vente til han 12. mai 1982 fekk eit nytt innhopp på landslaget, fem veker seinare spelte han heile kampen då Noreg slo Danmark 2–1 på Ullevål stadion. Perioden mai 1983 – mai 1984 deltok han i 9 landskampar, dei aller fleste OL-kvalifiseringskampar. Han skåra ikkje i nokon av dei 12 landskampane.

Merittar endre

  • Noregsmeister: 1978 med Lillestrøm SK, 1984 med Fredrikstad FK

Kjelder endre