Askim
Askim uttale , også kalla Askimbyen, er ein by i Indre Østfold kommune i Viken fylke. Byen var administrasjonssenteret i dåverande Askim kommune i dåverande Østfold fylke med 14 259 innbyggjarar per 1. januar 2017. Frå 2020 er han kommunesenter i Indre Østfold kommune.
Askim | |||
By | |||
Askim stasjon på Askim.
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Viken | ||
Kommune | Indre Østfold | ||
Areal | 7,41 km² | ||
Folketal | 14 259 (2017) | ||
Folketettleik | 1 924 / km² | ||
Innbyggjarnamn | askiming | ||
Preposisjon | på Askim | ||
![]() Askim | |||
Wikimedia Commons: Askim, Indre Østfold | |||
Byen har eit aktivt nyrenovert kulturhus bygd i funkisstil og to kinosalar, der den eine er ein sertifisert THX-kino. Badelandet Østfoldbadet ligg sentralt på Askim, og inngangspartiet er kopla saman med Kulturhuset i eit stiltilpassa nybygg.
Kulturfestivalen Kraftfestivalen blir arrangert kvar augustmånad og ein tradisjon i det høvet er opningskonserten i den gamle turbinhallen i Kraftverket ved Kykkelsrud. Viking-Askim var inntil nedlegginga i 1992 hjørnesteinsbedrifta i det vesle samfunnet. Sidan da har Askim i stor grad utvikla servicenæringane. Glava er nå hjørnesteinsbedrifta på Askim.
Lokalavisa er Smaalenenes Avis. Askim fekk bystatus i 1996.
SamferdselEndra
Gjennom Askimbyen går den austre linja av Østfoldbanen (lokaltog til Oslo). Her går også E 18 til Sverige. Det går vegar vidare nordover, fylkesveg 115 til Trøgstad og riksveg 22 til Lillestrøm. Sørover fører fylkesveg 115 til Skiptvet og fylkesveg 124 til Rakkestad, begge med samband vidare til Sarpsborg.
Sjå ògEndra
KjelderEndra
- «Askim» i Store norske leksikon, snl.no.
- «Askim – tettsted» i Store norske leksikon, snl.no.