Vietnamesarar
Vietnamesarar (vietnamesisk người Việt eller người Kinh) kan visa til folk med opphav i Vietnam eller den største folkegruppa i landet. Desse etniske vietnamesarane er kjende som kinh for å skilja dei frå andre folkegrupper i Vietnam, og utgjorde 86 % av innbyggjarane i folketeljinga frå 1999. Dei har opphav nord i noverande Vietnam og sørlege Kina. Vietnamesarar er geografisk og språkleg sett hovudsakleg søraustasiatar, men langvarig kinesisk kontakt har gjeve kulturen deira eit meir austasiatisk preg.