Fotballklubben Vigør er eit idrettslag i Kristiansand, skipa 5. oktober 1918, med om lag 1000 medlemer. Lag driv ikkje berre med fotball, men er også aktiv med curling, innebandy og squash. I tillegg vert det drive med barneidrett og ei såkalla fotballfritidsordning. Vigør har fotballbane i bydelen Hellemyr og i ein idrettshall på Tinnheia er det to squashbaner og ei kunststoffbane for fotball.

I 1938 spelte Vigør seg fram til semfinale i fotballcupen. På nøytral bane i Larvik vart det tap 0-2 mot Mjøndalen. Sesongane 1967-69 spelte Vigør i 2. divisjon. Sven Otto Birkeland er den mest kjende spelaren frå 1960-åra. Sidan har karar som Tore André Dahlum, Andreas Lund, Espen Johnsen og Kristofer Hæstad kome frå Vigør til fotballklubbar høgre opp i seriesystemet.

I 2015 spelar Vigør på nivå fire i norsk fotball.

Kjelder endre