Viggo Widerøe (13. august 19048. januar 2002) var ein norsk flygar og kjend som stiftaren av Widerøes Flyveselskap.

Viggo Widerøe

Statsborgarskap Noreg
Fødd 13. august 1904
Christiania
Død

8. januar 2002 (97 år)

Yrke gründer, flygar, motstandskjempar, forretningsdrivande
Medlem av Torsvik-gruppen
Ektefelle Solveig Widerøe

Widerøe er rekna som ein av pionerane innan norsk luftfart. Han vart utdanna ved Marinens flyvåpen i 1924, var marineflygar ein del år til han i 1934, saman med broren sin Arild og nokre kameratar, starta Widerøes Flyveselskap, som dei første åra, fram til krigsutbrotet, dreiv med taxi-, ambulanse-, skule- og fotoflyging. Under krigen sat Widerøe fire år i fangenskap i Tyskland, men i 1947 var han tilbake som leiar for flyselskapet og leia det fram til 1970.

Han kunne sjå tilbake på mange store føretak innan norsk sivil luftfart, mellom anna var han flygar i Lars Christensen sin Antarktisekspedisjon 1936–37, der han flaug ca 10 000 km og kartla ca 80 000 km² av kysten utanfor Dronning Maud land.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre