Vikersund Idrettsforening

Vikersund Idrettsforening er eit idrettslag heimehøyrande i Vikersund i Modum kommune. Laget vart stifta 16. desember 1894 som Vikersund Skiklub. I dag er Vikersund IF aktivt med i fotball, handball, volleyball og ulike skiidrettar; alpint, langrenn, skihopping og snøbrett.

Soge endre

Kristian Hovde var ein sentral utøvar i mellomkrigsåra, noregsmeister i 30 km langrenn i 1930 og sølvmedaljevinnar på 17 km under Ski-VM 1931. I dei siste tiåra er det i fremste rekke skihopparane Ole Gunnar Fidjestøl, Sturle Holseter og Line Jahr som har markert Vikersund IF i ymse tevlingar.

Vikersund IF er medeigar i skiflygingsbakken Vikersundbakken.

Kjelder endre