Line Jahr (fødd 16. januar 1984) er ein norsk tidlegare skihoppar, medlem i Vikersund IF. Ho vann ein sølvmedalje med det norske mikslaget under Ski-VM 2015 i Falun.

Line Jahr

Line Jahr Hinterzarten2012.jpg

Statsborgarskap Noreg
Fødd 16. januar 1984
Drammen
Idrett skihopping
Yrke skihoppar

Jahr vart norsk meister 2008 i normalbakken i Trondheim. Åra 2003-11 vann ho elles 12 NM-sølv og 3 NM-bronsar. To tredjeplassar var det beste ho oppnådde i GrandPrix-tevlingar i hoppbakken. Jahr deltok i Ski-VM 2009, 2011 og 2015. I den siste meisterskapen var ho med om å vinne sølv for Noreg i mikstevlinga, saman med Maren Lundby, Anders Bardal og Rune Velta.

KjelderEndra