Viktor Kortschnoi
Viktor Lvovitsj Kortschnoi, tysk skrivemåte, russisk Ви́ктор Льво́вич Корчно́й, norsk transkripsjon Viktor Lvovitsj Kortsjnoj, engelsk Viktor Korchnoi, (23. mars 1931–6. juni 2016) fødd i Leningrad, i det dåverande Sovjetunionen, var ein russisk, seinare sveitsisk sjakkspelar. Han var ein av dei sterkaste sjakkspelarane gjennom tidene som ikkje har blitt verdsmeister i sjakk.
Viktor Kortschnoi | |
Statsborgarskap | Sovjetunionen, Sveits, statslaus |
Fødd | 23. mars 1931 St. Petersburg |
Død | |
Yrke | sjakkspelar, skribent |
Språk | russisk, tysk, engelsk |
Politisk parti | Sovjetunionens kommunistiske parti |
Medlem av | Mikhail Chigorin Club |
Viktor Kortschnoi på Commons |
Kortschnoi er mest kjend for sine tre kampar om verdsmeistertittelen mot Anatolij Karpov.
Den første av desse var ei kandidatfinale i 1974 om retten til å møte dåverande regjerande verdsmeister Bobby Fischer til tittelkamp i 1975. Kampen i 1974 blei vunnen 3-2 av Karpov, med 19 remiser. Og då Fischer ikkje stilte til VM-kamp året etterpå blei Karpov verdsmeister.
Kortsjnoj søkte politisk asyl frå Sovjetunionen i 1976.
Både i 1978 og 1981 klarte Kortschnoi å kvalifisere seg til VM-kamp mot Karpov. Kampen i 1978 blei jamnspelt og dramatisk, med bruk av parapsykolog og anklager om juks, men til slutt vann Karpov. I 1981 vann Karpov klart.
Sjakkarriere
endreKortschnoi har ei lang og omfattande sjakkarriere, med mange sigrar. Blant dei viktigaste er fire sovjetmeisterskap i sjakk, i åra 1960, 1962, 1964/65 og 1970.
Heider
endreKortschnoi vann sjakk-Oscar for 1978. Sjakk-Oscar blir gitt til den beste spelaren siste år, etter ei avstemming blant sjakkjournalistar og sjakkekspertar verda over.