Sjakk-Oscar er ein internasjonal pris gitt til den beste sjakkspelaren i verda kvart år. Vinnaren blir kåra etter ei avstemming mellom sjakkekspertar rundt om i verda, mellom anna stormeistrar i sjakk. Prisen er ein statuett i bronse kalla «The Fascinated Wanderer». Prisen vart etablert i 1967. Det var då sjakk-journalistar som var med i avstemminga.

Prisen vart gitt kvart år fram til 1988. Den vart deretter ikkje delt ut nokre år, men vart så tatt oppatt i 1995. Sidan har det russiske Sjakktidsskriftet 64 stått for utdelinga av prisen.

Sjakk-Oscar er høgt verdsett i sjakkverda, særleg fordi det er sjakkekspertar som har peika ut vinnaren som den spelaren som har gjort dei beste prestasjonane det året.

VinnararEndra

 
Magnus Carlsen vann prisen første gong i 2009, og har vunne prisen dei fire siste åra.
 
Garri Kasparov har vunne prisen ti gonger mellom 1982 og 2002.
 
Vladimir Kramnik vann prisen i 2000 og 2006.



År Spelar Nasjon
1967 Bent Larsen   Danmark
1968 Boris Spasskij   Sovjetunionen
1969 Boris Spasskij   Sovjetunionen
1970 Bobby Fischer   USA
1971 Bobby Fischer   USA
1972 Bobby Fischer   USA
1973 Anatolij Karpov   Sovjetunionen
1974 Anatolij Karpov   Sovjetunionen
1975 Anatolij Karpov   Sovjetunionen
1976 Anatolij Karpov   Sovjetunionen
1977 Anatolij Karpov   Sovjetunionen
1978 Viktor Kortschnoi   Sveits
1979 Anatolij Karpov   Sovjetunionen
1980 Anatolij Karpov   Sovjetunionen
1981 Anatolij Karpov   Sovjetunionen
1982 Garri Kasparov   Sovjetunionen
1983 Garri Kasparov   Sovjetunionen
1984 Garri Kasparov   Sovjetunionen
1985 Garri Kasparov   Sovjetunionen
1986 Garri Kasparov   Sovjetunionen
1987 Garri Kasparov   Sovjetunionen
1988 Garri Kasparov   Sovjetunionen
19891994 inga utdeling av prisen
1995 Garri Kasparov   Russland
1996 Garri Kasparov   Russland
1997 Viswanathan Anand   India
1998 Viswanathan Anand   India
1999 Garri Kasparov   Russland
2000 Vladimir Kramnik   Russland
2001 Garri Kasparov   Russland
2002 Garri Kasparov   Russland
2003 Viswanathan Anand   India[1]
2004 Viswanathan Anand   India
2005 Veselin Topalov   Bulgaria
2006 Vladimir Kramnik   Russland[2]
2007 Viswanathan Anand   India[3]
2008 Viswanathan Anand   India
2009 Magnus Carlsen   Noreg[4]
2010 Magnus Carlsen   Noreg[5]
2011 Magnus Carlsen   Noreg
2012 Magnus Carlsen   Noreg

Tal på prisar fordelt på vinnararEndra

Spelar Land Prisar
Kasparov, GarriGarri Kasparov  , seinare   10
Karpov, AnatolijAnatolij Karpov   9
Anand, ViswanathanViswanathan Anand   6
Carlsen, MagnusMagnus Carlsen   4
Fischer, BobbyBobby Fischer   3
Spasskij, BorisBoris Spasskij   2
Kramnik, VladimirVladimir Kramnik   2
Larsen, BentBent Larsen   1
Kortschnoi, ViktorViktor Kortschnoi   1
Topalov, VeselinVeselin Topalov   1

Tal på prisar fordelt på nasjonEndra

Land Prisar
  16
  7
  6
  4
  3
  1
  1
  1

KjelderEndra

Fotnotar


BakgrunnsstoffEndra