Vikor Grigorjevitsj Kuzkin (6. juli 194024. juni 2008) var ein russisk ishockeyspelar frå Moskva som med Sovjetunionen sitt landslag vann til saman ti verdsmeisterskap og tre olympiske gullmedaljar.

Viktor Kuzkin
Statsborgarskap Russland, Sovjetunionen
Fødd 6. juli 1940
Moskva
Død

24. juni 2008 (67 år)
Sotsji

Idrett ishockey
Tok del i

Vinter-OL 1972, Vinter-OL 1968, Vinter-OL 1964

Utmerkingar

Æresordenen, Ærestegnets orden, Idrettens mester i Sovjetunionen

Kuzkin var del av CSKA Moskva sitt ishockeylag frå 1958 til 1976. Gjennom desse 18 sesongane var han med om å vinne sovjetmeisterskapen heile 13 gongar. På 530 seriekampar skåra forsvarsspelaren 71 mål.

Kuzkin vart verdsmeister åtte gongar med Sovjetunionen i tida 1963-71. Både under Vinter-OL 1964 i Innsbruck, Vinter-OL 1968 i Grenoble og Vinter-OL 1972 i Sapporo ytte han sitt til at landet hans vann gull i ishockeyturneringa. Han spelte 173 kampar for det sovjetiske ishockeylandslaget og skåra 19 mål.

Kuzkin døydde i ei trafikkulukke ved Sotsji.

Kjelder endre