Viktor Mamatov
Viktor Fjodorovitsj Mamatov[a] (fødd 21. juli 1937) er ein sovjet-russisk tidlegare skiskyttar frå Belovo i Kemerovo oblast. Han vart verdsmeister i den individuelle øvinga under VM i skiskyting 1967, olympisk meister i stafett med Sovjetunionen både i 1968 og 1972 og verdsmeister i same øvinga i tre år på rad; 1969-71.
Viktor Mamatov | |
Fødd | 21. juli 1937 (85 år) Belovo |
Yrke | skiskyttar |
AktivEndra
Mamatov var 29 år gammal då han vann gullmedaljen på 20 km under VM i skiskyting 1967 i austtyske Altenberg, den einaste individuelle øvinga i meisterskapen. Meisterskapen var elles hans fyrste, og han fekk også med seg ein sølvmedalje med Sovjetunionen sitt lag i 4 x 7,5 km stafett, gullmedaljen tok Noreg.
Frå vinter-OL 1968 i Grenoble til og vinter-OL 1972 i Sapporo deltok Mamatov på alle sovjetiske stafettlag i den årlege internasjonale skiskytings-meisterskapen; alle dei fem aktuelle tevlingane enda med gull til Mamatov og dei ulike lagkameratane hans, framom alle i lag med Aleksandr Tikhonov og Rennat Safin. I tillegg til dei to OL-gulla og tre-VM-gulla vann Mamatov bronsemedaljen i den individuelle øvinga under VM 1970 i Östersund, bakom landsmannen Tikhonov og sølvvinnaren Tor Svendsberget frå Noreg.
Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskapEndra
- VM i skiskyting 1967 i Altenberg: Gullmedalje på 20 km, sølvmedalje i stafett
- Vinter-OL 1968 i Grenoble: Gullmedalje i stafett, nr 7 på 20 km
- VM i skiskyting 1969 i Zakopane: Gullmedalje i stafett, nr 14 på 20 km
- VM i skiskyting 1970 i Östersund: Gullmedalje i stafett, bronsemedalje på 20 km
- VM i skiskyting 1971 i Tavastehus: Gullmedalje i stafett, nr 6 på 20 km
- Vinter-OL 1972 i Sapporo: Gullmedalje i stafett, nr 7 i 20 km
MerknadarEndra
- ↑ Russisk skrift Виктор Фёдорович Маматов
KjelderEndra
- Sportsboken, aktuelle årgangar