Aleksandr Tikhonov

Aleksandr Ivanovitsj Tikhonov[a] (fødd 2. januar 1947) er ein russisk tidlegare skiskyttar og seinare idrettsleiar frå landsbyen Ujskoje i Tsjeljabinsk oblast, som representerte Sovjetunionen. Gjennom 14 sesongar, 1967-80, var han ein av dei beste skiskyttarane i verda, og er med sine 11 VM-gull, av desse fem individuelle, og fire OL-gull i stafett ein av dei beste skiskyttarane gjennom tidene.

Aleksandr Tikhonov

Statsborgarskap Russland, Sovjetunionen
Fødd 2. januar 1947 (77 år)
Ujskoje
Yrke skiskyttar
Språk russisk
Høgd 173 centimeter
Politisk parti Sovjetunionens kommunistiske parti
Nettstad http://www.alexander-tikhonov.com/
Aleksandr Tikhonov på Commons

Liv og gjerning endre

Tikhonov fekk sin VM-debut i 1967. Etter å ha vorte nummer ni i den individuelle øvinga fekk han plass på Sovjetunionen sitt stafettlag som gjekk inn til sølvmedalje, einast slått av Noregs fire utvalde løparar. Under dei olympiske vinterleikane i Grenoble året etter tok han sølvmedaljen bak norske Magnar Solberg på 20 km, før han vann OL-gull for Sovjetunionen på stafetten. I dei tre nestkomande vinterleikane, 1972, 1976 og 1980, gjekk han også inn til gullmedalje i stafettøvinga.

Under verdsmeisterskapen 1969 i Zakopane vart Tikhonov verdmeister i begge øvingane, både på 20 km og i stafett. Året etter kopierte han prestasjonen under VM i Östersund. VM-gull i stafett tok han også i 1971, men måtte i den individuelle øvinga sjå seg slått av Dieter Speer frå Aust-Tyskland.

I 1973 gjentok Tikhonov prestasjonane frå VM 1969 og 1970 og vart dobbelt verdsmeister med siger både i den individuelle tevlinga over 20 km, samt i stafett med Sovjetunionen over 4x7,5 km stafett. På sovjetisk heimebane i 1974 var det for fyrste gongen to individuelle øvingar på VM-programmet, utan at Tikhonov fekk medalje i korkje. Derimot vann han og Sovjetunionen sitt femte strake VM-gull, og den sjuande stafett-meisterskapen på rad.

Etter å ha vunne sitt tredje olympiske gull i Innsbruck 1976, vart han seinare i OL-sesongen verdsmeister på 10 km i Antholz; sprintøvinga over 10 km med to skytingar var ikkje med i OL-programmet det året. Året etter, under VM i skiskyting 1977, forsvarte Tikhonov VM-tittelen på 10 km og vart for sjette gong verdsmeister med Sovjetunionen i stafett. I tillegg fekk han bronsemedaljen på 20 km, hans fyrste VM- og OL-medalje av den valøren. Tikhonov tok si siste individuelle medalje då han kom på sølvplassen på 20 km under VM 1979 i tyske Ruhpolding. Vinteren 1980 i Lake Placid tok han si siste OL/VM-medalje då han gjekk andreetappen for Sovjetuinionen sine olympiske meistrar i stafett. I alt vann han 22 medaljar (15-5-2) i verdsmeisterskap og olympiske leikar.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap endre

Idrettsleiar endre

Tikhonov har i lang tid vore leiar for Russlands skiskyttarforbund. I mai 2002 vart han vald til visepresident i det internasjonale skiskyttarforbundet (IBU). Han gjekk ut av styret i IBU i 2010.

Lovbrytar endre

Tikhonov vart i 2000 skulda for å ha vore delaktig i ein plan om å myrde guvernøren av Kemerovo oblast, Aman Tulejev. Mellom andre vart ein bror av Tikhonov i 2002 dømt til fire års fengsel for si rolle i drapsplanen. I 2007 vart også Aleksandr Tikhonov dømt til fengsel i tre år i same saka, men fekk straks amnesti.

Merknadar endre

  1. Russisk skrift Александр Иванович Тихонов

Kjelder endre

  • Sportsboken, årgangane 1967-1980