Vilhelm I av Württemberg
Vilhelm I av Württemberg (27. september 1781–25. juni 1864), fødd i Lübein, var konge av Württemberg.
Wilhelm Friedrich Karl von Württemberg | |||
| |||
Konge | |||
Periode | 30. oktober 1816-25. juni 1864 | ||
---|---|---|---|
Fødd | 27. september 1781 i Lübein i Schlesien | ||
Fødestad | Lubin | ||
Død | 25. juni 1864 i Stuttgart i Württemberg | ||
Dødsstad | Rosenstein Castle | ||
Mor | Augusta av Braunschweig-Wolfenbüttel | ||
Far | Friedrich I. | ||
Ektefelle | i) Charlotte av Bayern ii) Katarina Pavlovna av Russland iii) Pauline av Württemberg | ||
Barn | Marie Friederike Charlotte von Württemberg, Sophie av Württemberg, Katharina von Württemberg, Karl I., Auguste von Württemberg | ||
Føregangar | Fredrik I av Württemberg | ||
Etterfølgjar | Karl I av Württemberg |
Han var son av kong Fredrik I av Württemberg (1754–1816) og Augusta av Brunswick-Wolfenbüttel (1764–1788).
Han gifta seg 8. juni 1808 i München med prinsesse Charlotte av Bayern (1792–1873), dotter av kong Maximilian I av Bayern (1756–1825) og prinsesse Augusta Wilhelmine av Hesse-Darmstadt (1765–1796). Dei vart skilde i 1814.
I 1816 gifta han seg med kusina si, prinsesse Katarina Pavlovna av Russland, i St. Petersburg. Seinare same året blei Vilhelm konge av Württemberg etter far sin. Med Katarina fekk han to døtrer; Marie og Sofie, seinare dronning av Nederland. Katarina døydde i 1819.
I 1820 gifta Vilhelm seg med ei anna kusine, Pauline av Württemberg, i Stuttgart.
Med den tredje kona si hadde han tre born:
- Katharina (1821-1898), som skulle bli mor til Vilhelm II av Württemberg
- Karl I av Württemberg (1823-1891)
- Augusta (1826-1898)
Vilhelm I døydde på Schloss Rosenstein i Stuttgart.