Schlesien (polsk schlesisk Ślůnsk, tysk schlesisk Schläsing, latin Silesia, polsk Śląsk, tsjekkisk Slezsko, ungarsk Szilézia) er ein historisk region i det austlege Sentral-Europa, ved øvre og midtre delar av elva Oder. Størsteparten av området ligg no i Polen med mindre delar i Tsjekkia og Tyskland. Schlesien er særleg kjent for den velutbygde industrien og dei rike naturressursane, spesielt malm.

Schlesien 1905

Namnet skriv seg truleg frå det austgermanske folket silingar, eller det vestslaviske folket ślężanarar.

Historie endre

 
Våpenskjold til Schlesien

Før folkevandringstida var området folkesett av germanarar. Seinare busette slavarar seg i området. Schlesien kom under dei polske piastane sitt styre på 1000-talet. Dei piastiske fyrstene oppmuntra til tysk innvandring for å styrke økonomien, noko som gjorde at folkesamansettinga med tida kom til å bestå av eit tysk fleirtal.

Schlesien kom under bøhmisk overhøgd i 1335 og vart mot slutten av mellomalderen ein del av Det tysk-romerske riket. Området kom i 1526 under dei austerrikske habsburgarane. I 1742 vart Schlesien avstått til kong Fredrik den store av Preussen som følgje av den austerrikske arvefølgjekrigen og vart seinare inndelt i de prøyssiske provinsane Niederschlesien (Nedre Schlesien) og Oberschlesien (Øvre Schlesien). Hovudstaden i Schlesien var Breslau (Wrocław).

Etter første verdskrig vart Schlesien delt mellom Tyskland, Polen og Tsjekkoslovakia. Tyskland heldt Nedre Schlesien som i berre var folkesett av tyskarar. I Øvre Schlesien (polsk: Górny Śląsk) budde både tyskarar og polakkar og provinsen vart derfor delt mellom Tyskland og Polen. Det området som var kjent som Mährisk Schlesien eller Austerriksk Schlesien og som Austerrike hadde halde i 1742, tilfall Tsjekkoslovakia. Dei nasjonale kampane blant dei etniske gruppene i Øvre Schlesien varte fram til byrjinga av 1920-talet og det vart danna polske militsar som prøvde å lausrive området frå Tyskland og i sin tur tyske motmilitsar som prøvdeå hindre dette. Ved invasjonen av Polen 1939 vart den polske delen av Schlesien innlemma i Tyskland.

Mot slutten av andre verdskrig vart Schlesien okkupert av Sovjetunionen og det meste som følgje av Potsdamkonferansen innlemma i Polen, som erstatning for områda Polen måtte avstå til Sovjetunionen i aust. Under invasjonen av Schlesien gjorde den raude arméen seg skuldig i grove krigslovbrot. Den tyske sivilfolkesetnaden, som talde over 3 millionar, vart fråteke all fast eigedom og tvangsdriven vestover. Mange vart òg drepne eller deportert til sovjetiske fangeleirar.

Bortsett frå Görlitzområdet, som no er ein del av den tyske delstaten Sachsen og Těšín-området, som no ligg i det nordaustlege Tsjekkia, er mesteparten av Schlesien i dag ein del av Polen.

Som følgje av den lange sameksistensen mellom tyskarar og polakkar er den schlesiske folkesetanden blanda og har både tyske og polske røter. Dette har òg påverka kulturen i Schlesien og schlesiske sjølvstenderørsler har lang tradisjon. Schlesiske autonomistar ser gjerne schlesiarane som eit eige folk, i staden for som tyskarar eller polakkar. Ved nylege folketeljingar i Polen erklærte 173 200 innbyggjarar sin nasjonalitet som schlesisk. Ruch Autonomii Śląska er eit politisk parti i Schlesien som står i den autonomistiske tradisjonen og arbeider for at området skal verte sjølvstendig i ramma av eit sameint Europa.

Schlesien er i dag hovudsakleg busett av polakkar, med tyske, tsjekkiske, ukrainske og moraviske minoritetar.

Administrativ inndeling før 1945 endre

Frå 1818 til 1945 var Schlesien inndelt i tre provinsar: Breslau, Liegnitz og Oppeln. Frå 1818 til 1820 fanst òg provinsen Reichenbach og frå 1939 til 1945 provinsen Kattowitz.

Provinsen Nedre Schlesien, distriktet Breslau endre

Bykommunar

  1. Breslau
  2. Brieg
  3. Schweidnitz
  4. Waldenburg (Schles)

Landkommunar

  1. Breslau
  2. Brieg
  3. Frankenstein i. Schles.
  4. Glatz
  5. Groß Wartenberg
  6. Guhrau
  7. Habelschwerdt
  8. Militsch
  9. Namslau
  10. Neumarkt
  11. Oels
  12. Ohlau
  13. Reichenbach (Eulengebirge)
  14. Schweidnitz
  15. Strehlen
  16. Trebnitz
  17. Waldenburg (Schles)
  18. Wohlau

Provinsen Nedre Schlesien, distriktet Liegnitz endre

Bykommunar

  1. Glogau
  2. Görlitz
  3. Hirschberg i. Rsgb.
  4. Liegnitz

Landkommuner

  1. Bunzlau
  2. Fraustadt
  3. Freystadt i Niederschles.
  4. Glogau
  5. Görlitz
  6. Goldberg
  7. Grünberg i. Schles.
  8. Hirschberg i. Rsgb.
  9. Hoyerswerda
  10. Jauer
  11. Landeshut i. Schles.
  12. Lauban
  13. Liegnitz
  14. Löwenberg i. Schles.
  15. Lüben
  16. Rothenburg (Ob. Laus.)
  17. Sprottau (sete: Sagan)

Provinsen Øvre Schlesien, distriktet Kattowitz endre

Bykommunar

  1. Beuthen O.S.
  2. Gleiwitz
  3. Hindenburg O.S.
  4. Königshütte
  5. Kattowitz
  6. Sosnowitz

Landkommunar

  1. Bendsburg
  2. Beuthen-Tarnowitz [sete: Tarnowitz]
  3. Bielitz
  4. Kattowitz
  5. Krenau
  6. Ilkenau
  7. Pleß
  8. Rybnik
  9. Saybusch
  10. Teschen
  11. Tost-Gleiwitz [sete: Gleiwitz]

Provinsen Øvre Schlesien, distriktet Oppeln endre

Bykommunar

  1. Neisse
  2. Oppeln
  3. Ratibor

Landkommunar

  1. Blachstädt
  2. Cosel
  3. Falkenberg O.S.
  4. Groß Strehlitz
  5. Grottkau
  6. Guttentag
  7. Landkreis Kreuzburg O.S.
  8. Leobschütz
  9. Loben
  10. Neisse
  11. Neustadt O.S.
  12. Oppeln
  13. Ratibor
  14. Rosenberg O.S.
  15. Warthenau

Administrativ inndeling i dag endre

Polen endre

Schlesiske voivodskap endre

Bykommunar

  1. Bielsko-Biała
  2. Bytom
  3. Chorzów
  4. Częstochowa
  5. Dąbrowa Górnicza
  6. Gliwice
  7. Jastrzębie-Zdrój
  8. Jaworzno
  9. Katowice
  10. Mysłowice
  11. Piekary Śląskie
  12. Ruda Śląska
  13. Rybnik
  14. Siemianowice Śląskie
  15. Sosnowiec
  16. Świętochłowice
  17. Tychy
  18. Zabrze
  19. Żory

Landkommunar

  1. Będzin
  2. Bielsko-Biała
  3. Bieruń/Lędziny
  4. Cieszyn
  5. Częstochowa
  6. Gliwice
  7. Kłobuck
  8. Lubliniec
  9. Mikołów
  10. Myszków
  11. Pszczyna
  12. Racibórz
  13. Rybnik
  14. Tarnowskie Góry
  15. Wodzisław Śląski
  16. Zawiercie
  17. Żywiec

Opole-voivodskapet endre

Bykommuner

  1. Opole

Landkommunar

  1. Brzeg
  2. Głubczyce
  3. Kędzierzyn-Koźle
  4. Kluczbork
  5. Krapkowice
  6. Namysłów
  7. Nysa
  8. Olesno
  9. Opole
  10. Prudnik
  11. Strzelce Opolskie

Nederschlesiske voivodskap endre

Bykommunar

  1. Wrocław
  2. Jelenia Góra
  3. Legnica
  4. Wałbrzych

Landkommunar

  1. Bolesławiec
  2. Dzierżoniów
  3. Głogow
  4. Góra
  5. Jawor
  6. Jelenia Góra
  7. Kamienna Góra
  8. Kłodzko
  9. Legnica
  10. Lubań
  11. Lubin
  12. Lwówek
  13. Milicz
  14. Oleśnica
  15. Oława
  16. Polkowice
  17. Strzelin
  18. Środa
  19. Świdnica
  20. Trzebnica
  21. Wałbrzych
  22. Wołów
  23. Wrocław
  24. Zgorzelec
  25. Ząbkowice
  26. Złotoryja

Tsjekkia (Moravisk Schlesien) endre

Landkommunar

  1. Okres Bruntál
  2. Okres Frýdek-Místek
  3. Okres Karviná
  4. Okres Nový Jičín
  5. Okres Opava
  6. Okres Ostrava-město

Tyskland (Nedre Schlesien, i delstaten Sachsen) endre

Byar

  1. Görlitz
  2. Hoyerswerda

Landdistrikter

  1. Niederschlesischer Oberlausitzkreis
  2. Landkreis Kamenz (nordlege del)

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre