Vilkaviškis er ein by i Marijampolė fylke i Litauen. Han hadde 10 814 innbyggjarar i 2015.

Vilkaviškis
Land  Litauen
Fylke Marijampolė
Kommune Vilkaviškis distriktskommune
Areal 7,53 km²
Folketal 10 291 (1. januar 2023)
Kart
Vilkaviškis
54°40′00″N 23°02′00″E / 54.666666666667°N 23.033333333333°E / 54.666666666667; 23.033333333333
Wikimedia Commons: Vilkaviškis

Historie

endre
 
Utsyn over Vilkaviškis i 1916.

Vilkaviškis fekk byrettar i 1660 av kong Jan II Kasimir av Polen, som også var storhertug av Litauen. Byen er dermed ein av dei eldste i landet.[1][2]

Ifølgje jødiske overleveringar busette dei første jødane seg i området på 1300-talet, og på 1800-talet utgjorde dei over 80 % av innbyggjarane. Den jødiske folkesetnaden blei jaga og plaga av russiske og tyske styrkar under første verdskrigen, og delen av jødar hadde gått ned til rundt 40 % eller rundt 3 600 personar då andre verdskrigen braut ut. Desse blei totalt utsletta etter at nazistiske troppar okkuperte Vilkaviškis 22. juni 1941.[3]

Folk frå Vilkaviškis og nærområda

endre

Galleri

endre

Kjelder

endre
  1. Joseph Rosin. Sarah and Mordechai Kopfstein, red. «Vilkovishk (Vilkaviskis)». Arkivert frå originalen 16. juli 2001. 
  2. «About Vilkaviškis». Arkivert frå originalen 21. august 2006. Henta 9. juni 2011. 
  3. «The Untold Stories. The Murder Sites of the Jews in the Occupied Territories of the Former USSR». yadvashem.org. Henta 13. mai 2020.