Villa Gräpling
59°51′58.2″N 10°45′33.2″E / 59.866167°N 10.759222°E
Villa Gräpling | |||
| |||
Villa Gräpling i 1968 | |||
Adresse | Fossilveien 2 | ||
---|---|---|---|
Eigar | Privat | ||
Villa Gräpling 59°51′58″N 10°45′33″E / 59.86616667°N 10.75922222°E |
Villa Gräpling (frå gamalt av òg kjend som Villa Gräplang) er namnet på ein eigedom på Malmøya i Oslo. Huset vart brukt som fritidsbustad av velståande Kristiania-borgarar på 1800- og 1900-talet, og heilt fram til 2009 då huset vart omgjort til heilårsbustad.
Området som består av hovudhus, stall, hønsehus, badehus og arkitektteikna utedo vart freda av Riksantikvaren i 2013. I fredningsvedtaket heiter det at «Formålet med fredningen er å bevare anlegget Villa Gråpling som et arkitekturhistorisk, arkitektonisk og kulturhistorisk viktig eksempel på påkostet ferie og fritidsbebyggelse ... Formålet er også å bevare hovedhuset som prefabrikkert tømmerhus i maskinlaft fra Strømmen trevarefabrikk. ... Det er vesentlig å ivareta anlegget som et kulturhistorisk verdifullt miljø i forhold til Oslos bynære sommerhusbebyggelse med tilknytning til fjorden og sjø- og badelivet.»
Bakgrunnsstoff
endre- Riksantikvarens artikkel om fredninga
- Villa Gräpling i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren