Riksantikvaren – direktoratet for kulturminneforvaltning er fagleg rådgjevar i utviklinga av den statlege kulturminnepolitikken, og arbeider for at viktige kulturminne, kulturmiljø og landskap blir tekne vare på. Direktoratet ligg under Klima- og miljødepartementet. Riksantikvaren har ansvar for at den statlege kulturminnepolitikken blir gjennomført og har eit overordna fagleg ansvar for fylkeskommunene og Sametingets arbeid med kulturminne, kulturmiljø og landskap.

Riksantikvaren

TypeDirektorat
Org.nummer974 760 819
Skipa1912[1]
HovudkontorDronningens gate 13, Oslo
RiksantikvarHanna Geiran
VerkeområdeNoreg
Tilsette147 (2013)[2]
EigarskapKlima- og miljødepartementet
Nettstadhttps://www.riksantikvaren.no

Historie endre

Riksantikvaren vart skipa i 1912 som offentleg embete etter initiativ av Foreningen til norske Fortidsminnesmerkers Bevaring for å ha oppsyn med ivaretakinga og restaureringa av kunstnerisk og historisk verdfulle gamle bygningar som ikkje var underlagt eit museum. Då Harry Fett var riksantikvar, vart etaten bygd ut til eit vidfemnande institutt for vern og forsking. Riksantikvaren vart underlagd Miljøverndepartementet frå 1973, og fekk direktoratstatus i 1988.

Organisering endre

 
Biblioteket hjå Riksantikvaren.
Foto: Eva Eide

Direktoratet har om lag 160 tilsette, med kontor i Dronningens gate 13 i Oslo. Det er òg distriktskontor i Bergen, Tønsberg og Trondheim.

Riksantikvaren har fire avdelingar:

  • Organisasjonsavdeling
  • Kulturminneavdeling
  • Avdeling for kunnskapsutvikling
  • Samfunnsavdeling

Riksantikvaren har òg eit spesialbibliotek for kulturminnevern.

Riksantikvarens arkiv har mellom anna mange teikningar og fotografi som baserere seg på Fortidsminneforeingas samling av dokumentasjon frå kulturminnnevernets pionertid.

Oppgåver endre

Riksantikvaren har det overordna faglege ansvaret for kulutrminneforvaltninga og fungerer som rådgjevar for Klima-og miljødepartementet.

Bevaringsprogrammer endre

Riksantikvaren har ti bevaringsprogam for å sikre, setje i stand og kartleggje tilstanden til kulturminne. Dei ti programma er:

Liste over riksantikvarar endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre