Vindskala
Ein vindskala er ein skala som syner vindstyrken.
Den vanlegaste vindskalaen er Beaufortskalaen, som er delt inn i 12 steg frå stille, til bris, kuling, storm og orkan.
Andre vindskalaer er:
- Saffir-Simpson-skalaen som klassifiserer tropiske orkanar frå tropisk lågtrykk, til tropisk storm og tropisk orkan kategori 1 til 5.
- Den utvida og normale Fujita-skalaen som klassifiserer tornadoar frå F0 til F5.
- TORRO-skalaen som klassifiserer tornadoar frå T0 til T11.