Virtual Console (バーチャルコンソール, Bācharu Konsōru) er ein serie av dataspel for Nintendo-konsollane Wii, Wii U og Nintendo 3DS som kan lastast ned frå internettet.

Virtual Console-logoen for Nintendo 3DS
Virtual Console-logoen for Wii U

Utvalet av Virtual Console-spel omfattar dataspel som opphavleg har vorte utgjevne på tidlegare stasjonære og handhaldne spelkonsollar. Desse spela køyrer i sine opphavlege utgåver gjennom programvareemulering, og er dimed hovudsakleg uendra, og kan i dag lastast ned frå Nintendo eShop for Nintendo 3DS og Wii U (tidlegare òg Wii Shop Channel for Wii). Virtual Console femner spel frå Nintendo Entertainment System, Super Nintendo Entertainment System, Game Boy, Game Boy Color, Nintendo 64, Game Boy Advance og Nintendo DS, i tillegg til SEGA-konsollane Master System og Mega Drive, NEC-konsollen TurboGrafx-16 og SNK-konsollen Neo Geo AES. Tenesta til Wii femna òg spel frå plattformer som i si tid berre vart utgjevne i nokre utvalde marknader, som Commodore 64 (Europa og Nord-Amerika) og MSX (Japan). Virtual Console-titlar har vorte lasta ned over ti millionar gonger.[1]

I slutten av januar 2019 starta Nintendo utfasinga av Virtual Console ved å leggje ned nettbutikken til Wii.[2]

Kjelder endre

  1. «Q&A: Nintendo's Satoru Iwata». GameSpot. 
  2. Ryan Whitwam (30. januar 2019). «Nintendo Begins Phasing Out Wii Virtual Console, Making Classic Games Inaccessible» (på engelsk). Extremetech. Henta 20. august 2020.