Nintendo 64, forkorta N64, er den tredje spelkonsollen frå Nintendo. Maskinen har namnet sitt etter CPU-en med 64-bit-arkitektur og vart lansert juni 1996 i Japan, september 1996 i Nord-Amerika og Brasil, mars 1997 i Europa og Australia og september 1997 i Frankrike. Han var den siste av dei større heimekonsollane som brukte spelekassettar som lagringsmedium, fram til Nintendo Switch vart lansert i 2017.[1] Dette førte til auka kostnader og mindre lagringsplass til spel i høve den konkurrerande PlayStation frå Sony, der ein produserte spel på CD-plater, men også kortare tider for spela å laste inn.[2] Nintendo 64 vart etterfølgt av Nintendo GameCube i 2001 i Nord-Amerika og Japan, og året etter i Europa.

Nintendo 64
Ein Nintendo 64-konsoll og ein grå handkontroll
ProdusentNintendo
TypeSpelkonsoll
LanseringJP: Juni 1996
NA: September 1996
EU: Mars 1997
Einingar selde32,93 millionar
Mestseljande spelSuper Mario 64
(11 millionar)
ForgjengarSuper Nintendo
Entertainment System
EtterfølgjarNintendo GameCube

Nintendo 64 gjekk under kodenamnet «Project Reality» medan han var under utvikling, og marknadsføringa av konsollen fokuserte sterkt på 3D-grafikken han kunne produsere.[3] Han vart lansert samtidig med to spel i Europa: Super Mario 64 og Pilotwings 64. Handkontrollen som følgde med konsollen var mellom dei første med innebygd analog stikke, og har ein utvidingsport på baksida der ein kan installere ekstrautstyr, til dømes Rumble Pak som gjev tilbakemelding frå spel i form av vibrasjonar.[4] Nintendo 64 har selt 32,93 millionar eksemplar verda over, og han kom ut i fleire ulike fargar og variantar i løpet av levetida.[5] Dei mest populære spela til konsollen er Super Mario 64, som selde over 11 millionar kopiar, i tillegg til The Legend of Zelda: Ocarina of Time, Goldeneye 007 og Mario Kart 64, som har selt høvesvis over sju millionar, åtte millionar og ni millionar kopiar globalt.[6]

Referansar

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Nintendo 64