Visdomsboka
Visdomsboka eller Salomos visdom er eit av dei Dei apokryfe skriftene som vert knytt til Det gamle testamentet.
Skriftet er skrive på gresk av alksandrinske jødar i hundreåret før Kristi fødsel. Det er prega av bibelsoge og jødisk tradisjon, men det tar òg opp hellenistiske, universalistiske tankar og filosofiske idear, som når omgrepet «visdom» vert drøta i lys av doktrina om logos slik ho vart lagt fram av dei stoistiske filosofane.
Visdomen framstår som ein guddommeleg, kreativ reiskap, ei utstråliing frå Gud.
Bakgrunnsstoff
endreKjelder
endre- Verdens litteraturhistorie, Cappelens forlag 1971
- J.R Porter: Illustrert nøkkel til Bibelen Grøndahl og Dreyer Forlag 1996 ISBN 82-504-2321-6