Vise

(Omdirigert frå Viser)

Ei vise (av norrønt vísa, eigentleg 'måte å syngje på') er eit formelt enkelt dikt som det er sett melodi til og som kan syngjast. Diktet kan ha episk eller lyrisk innhald.[1]

Ein kan skilje mellom folkeviser, som er blitt overført ved munnleg tradisjon og finst i ulike variantar, og litterære viser, som er trykte eller utgjevne på plate i ei autorisert form.

Elles kan ein finne ordet «vise» med mange ulike forstavingar som viser til innhald, funksjon eller bruksområde: arbeidsviser, sjømannsviser, revyviser, skillingsviser, rallarviser, drikkeviser, kjærleiksviser og emigrantviser.

Referansar

endre
  1. «vise» i Nynorskordboka.
  • Norsk visebok. Oslo, 1993

Bakgrunnsstoff

endre