Visingsö er ei øy sør i innsjøen Vättern i Sverige.

Visingsö
øy
Land  Sverige
Län Jönköping
Stad Vättern
 - koordinatar 58°03′N 14°20′E / 58.050°N 14.333°E / 58.050; 14.333
Areal 25,04 km²
Folketal 800
Kart
Visingsö
58°03′00″N 14°20′00″E / 58.05°N 14.333333333333°E / 58.05; 14.333333333333
Visingsö i Vättern
Visingsö i Vättern
Visingsö i Vättern
Wikimedia Commons: Visingsö

Visingsö ligg 30 km nord for byen Jönköping og seks kilometer vest for Gränna. Det går to bilferjer til og frå øya og til Gränna. Øya er 14 km lang og 3 km brei med eit samla areal på 24 km².

I dag er øya mest kjend for turisme. Her er mange ruinar som minner ein om rolla til øya i svensk historie.

På 1100- og 1200-talet var Visingsö sentrum for det framleis skjøre svenske kongedømet. Blant dei meir kjende innbyggjarane på den tida finn ein Magnus Ladulås. På 1700-talet heldt Brahe-slekta til på Visningsborg. Både denne borga og Näs-festning er no i ruinar og kjende landemerke på øya.

For å sikre tilgjenget på tømmer til den svenske flåten anla ein fleire hundre hektar eikeskog på øya. Eiketrea er i dag leveranseklare, men teknologiutviklinga har forlengst gjort dei meir verdifulle som turistmål enn som skipsmateriale.

Panorama over Visingsö frå Brahehus

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Visingsö