Visp i Sveits
Visp (fransk Viège) er hovudstaden i distriktet Visp i kantonen Valais i Sveits. Kommunen har 7 014 innbyggjarar (2010) og eit areal på 13 km². Kommunesenteret ligg 658 meter over havet. Staden er inngangsport til dalføret som litt sør for Visp deler seg i dei to fjelldalane Mattertal og Saastal.
Visp | |||
---|---|---|---|
Visp rådhus | |||
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Sveits | ||
Kanton | Valais | ||
Distrikt | Visp | ||
Språk | tysk | ||
Borgarmeister | Niklaus Furger | ||
Geografi | |||
Flatevidd - kommune |
13,22 km² | ||
Innbyggjarar - kommune (desember 2010) - folketettleik |
7 014 530,6 /km² | ||
Koordinatar | 46°16′0″N 7°52′0″E / 46.26667°N 7.86667°E | ||
Høgd over havet | 658 moh. | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 3930 | ||
Nettstad: www.visp.ch |
Visp er eitt av to industrisenter i området Oberwallis. Mange arbeidarar frå nærliggande kommunar pendlar til staden, fremst til det store kjemiselskapet Lonza si verksemd.
Sepp Blatter er frå Visp.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Visp» frå Wikipedia på tysk, den 9. oktober 2011.
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell nettstad (tysk)