Vital Rymasjewski
Vital Anatoljevitsj Rymasjewski (fødd 3. mars 1975) er ein belarusisk politikar og medleiar i partiet Det belarusiske kristendemokratiet (Bjelaruskaja khrystsijanskaja demakratyja). Han var kandidat ved presidentvalet i Belarus 19. desember 2010. Ifølgje dei offisielle resultata kom han på sjuande plass med 1,1 % av røystene, men valet vart ikkje rekna som fritt og rettferdig av internasjonale observatørar. Rymasjewski vart arrestert etter å ha teke del i demonstrasjonar mot måten valet vart gjennomført på same kvelden, saman med fem av dei andre presidentkandidatane, og tiltalt for å ha "forårsaka masseuro". Han vart sleppt laus mot kausjon 1. januar 2011, men tiltalen stod ved lag.[2] Under rettssaka i mai 2011 la aktoratet ned påstand om to års betinga fengsel for rolla hans i demonstrasjonane.[3] Rymasjewski vart dømt til to års fengsel på vilkår. I 2012 oppmoda han til boikott av parlamentsvalet i Belarus. Han tok del i protestar mot valfusk ved parlamentsvalet i 2016 og vart bøtelagt for dette.
Vital Rymasjewski
Vitalij Anatoljevitsj Rymasjevskij (transkripsjon frå russisk) | |||
| |||
Fødd | Віталь Анатольевіч Рымашэўскі 3. mars 1975 (49 år) i Babrujsk[1] | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Belarus | ||
Parti | Det belarusiske kristendemokratiet | ||
Yrke | politikar | ||
Utdanna ved | Det belarusiske nasjonale tekniske universitetet | ||
Medlem | Koordineringsrådet for maktoverføringen Second convocation of the Coordination Council Third convocation of the Coordination Council |
Fotnotar
endre- ↑ "Карані беларускай палітыкі. Віталь Рымашэўскі" frå Telegraf.by, 25. juni 2011, på belarusisk
- ↑ "Belarus urged to free prisoners of conscience held after post-election protest" frå Amnesty International, på engelsk
- ↑ "Прокурор предлагает не сажать экс-кандидатов в президенты Белоруссии Некляева и Рымашевского" frå Gazeta.ru, 17. mai 2011, på russisk