Amnesty International

Amnesty International vart stifta i 1961 av den engelske advokaten Peter Benenson på bakgrunn av ein artikkel han skreiv om samvitsfangar. Artikkelen fekk stor merksemd og førte til ein brevskrivingskampanje for lauslating av samvitsfangar i mange land. I dag har organisasjonen 1,8 millionar medlemmer i meir enn 150 land. På Amnesty International sitt hovudkontor, det internasjonale sekretariatet i London, arbeider over 400 personar.

Amnesty International

Skipa28. mai 1961
HovudkontorLondon
LandStorbritannia
Grunnleggjar(ar)Peter Benenson
Nettstadhttps://www.amnesty.org (engelsk)

Visjon endre

Amnesty International sin visjon er ei verd der ein kvar nyt godt av alle rettane i verdsfråsegna om menneskerettane og andre internasjonale menneskerettsstandardar. I sitt arbeid for å auke respekten for alle menneskerettane, etterforskar og aksjonerer Amnesty International for å motverka og stogge grove overgrep mot retten til fysisk og mental integritet, samvits- og ytringsfridom og fridom frå diskriminering..

Amnesty i Noreg endre

Amnesty International Norsk avdeling vart stifta på FNs menneskerettsdag 10. desember 1964. I byrjinga vart organisasjonen drive berre på frivillig basis, først i 1976 vart det bestemt av styret å opprette ei halv stilling som dagleg leiar. I 1977 vart Amnesty International tildelt Nobels Fredspris for å levandegjere FNs menneskerettserklæring og for å trygge grunnlaget for fridom, rettferd og fred i verda. Prisen sørgde for at den jamne veksten som hadde vart ved sidan stiftinga no auka kraftig. Distriktskontor vart oppretta på slutten av 1970-åra i Stavanger, Oslo og Bergen (Trondheim fekk sitt kontor først ti år seinare). I dag har Amnesty over 47 000 medlemmer og rundt 30 tilsette i Noreg. I tillegg finst det ei rekke aktive amnestygrupper, studentgrupper og ungdom for Amnesty-grupper.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Amnesty International