Vjatsjeslav Bykov

Vjatsjeslav Arkadjevitsj Bykov (fødd 24. juli 1960) er ein russisk tidlegare ishockeyspelar frå Tsjeljabinsk. Perioden 1983-93 vann han fire VM-gull og to OL-gull med Sovjetunionen og Russland. Han er frå 2003 sveitsisk statsborgar.

Vjatsjeslav Bykov


Statsborgarskap Russland, Sveits
Fødd 24. juli 1960 (63 år)
Tsjeljabinsk
Idrett ishockey
Tok del i

Vinter-OL 1992, Vinter-OL 1988

Utmerkingar

Ærestegnets orden, 4. klasse av Orden for tjeneste for fedrelandet, Fortjent trener i Russland, Idrettens mester i Sovjetunionen

Senterløparen Bykov spelte 1979-82 ishockey på lag frå heimbyen. Fyrst ein sesong i Metallurg Tsjeljabinsk og deretter to sesongar i Traktor Tsjeljabinsk. Åra frå 1982 til 1990 gjorde han teneste i CSKA Moskva, den suverene toppklubben i sovjetisk ishockey. I 1990 flytta han til Sveits, der han dei neste åtte sesongane var aktiv i Fribourg-Gottéron. Bykov avslutta med to år i HC Lausanne.

Bykov vart verdsmeister med Sovjetunionen i 1983, 1986 og 1989. Frå både Vinter-OL 1988 i Calgary og Vinter-OL 1992 i Albertville reiste han med olympisk gullmedalje i bagasjen. I 1993 vart han verdsmeister med Russland.

Frå 2006 til 2011 var Bykov landslagssjef for Russlands ishockeymannskap. Han lukkast leia laget fram til VM-tittel i 2008 og 2009.

Kjelder endre