Vjazma (russisk Вязьма) er ei elv i Smolensk oblast i Russland og ei av sideelvane til Dnepr frå venstre. Elva er 147 km lang og har eit nedslagsfelt på 1 350 km².

Vjazma
elv
Bru over elv Vjazma i byen Vjazma.
Land  Russland
Nedslagsfelt 1 350 km²
Lengd 147 km
Munning Dnepr
Kart
Vjazma ved Dnepr
55°27′54″N 34°11′34″E / 55.465030555556°N 34.192719444444°E / 55.465030555556; 34.192719444444
Wikimedia Commons: Vyazma River

I tidlegare tider var Vjazma ein del av handelsruta som knytte saman dei øvre delane av Volga, Oka og Dnepr med hjelp av dragstader. Ved elva ligg byen Vjazma, som har namnet sitt etter elva.

Kjelder

endre