Vlašić er eit fjell midt i Bosnia-Hercegovina. Toppen av fjellet vert kalla Paljenik og er 1 943 m høgt. Fjellet har eit stort skisenter for vinterturisme, og gode forhold for ski, snøbrett og andre vinteridrettar. Fjellet er òg ein populær stad om sommaren for turgåing og uforstyrra villmark.

Vlašic
fjell
Land  Bosnia-Hercegovina
Fjellkjede Dei dinariske Alpane
Høgd 1 943 moh.
Koordinatar 44°14′N 17°40′E
Kart
Vlašić
44°17′33″ N 17°38′10″ E
Wikimedia Commons: Vlašić

Middeltemperaturen er 1 °C om vinteren, medan temperaturen om sommaren ligg på 14,2 °C i snitt. Om vinteren er det som regel mykje snø, opp til 1,5-2 meter snødekke, som gjerne ligg opp til fem månader i året.

Den næraste bosniske byen er Travnik, men det er fleire overnattingsstader ved sjølve fjellet.

I august 1992 var fjellet åstad for Koricaniklippe-massakren.

Bakgrunnsstoff endre