Opna hovudmenyen

Vladimir Komarov (16. mars 192724. april 1967) var ein sovjetisk flygar og kosmonaut som var oberst i det sovjetiske flyvåpenet. Den første turen hans i verdsrommet var med det sovjetiske romfartøyet Voskhod 1 som blei skote opp i 1964.

Vladimir Komarov
Vladimir Komarov foto grupal grupo de cosmonautas (cropped).jpg
Fødd 16. mars 1927
Moskva
Død

24. april 1967
Orenburg oblast

Yrke flygar, romfarar, militær, ingeniør, testflyger
Vladimir Komarov på Commons

På den andre turen i verdsrommet omkom han då romfartøyet Sojuz 1 skulle lande etter turen. Ulykka var ei følgje av fleire feil med romfartøyet, mellom anna med fallskjermen. Han var det første mennesket som omkom i ei ulykke som følgje av ein tur i verdsrommet.