Vladimir Nikolajevitsj Sjadrin (6. juni 194826. august 2021) var ein russisk ishockeyspelar frå Moskva. Perioden 1970-78 vann han fem VM-gull og to OL-gull for Sovjetunionen.

Vladimir Sjadrin
Statsborgarskap Sovjetunionen, Russland
Fødd 6. juni 1948
Moskva
Død

26. august 2021 (73 år)
Moskva

Idrett ishockey
Tok del i

Vinter-OL 1972, Vinter-OL 1976

Utmerkingar

Æresordenen, Ærestegnets orden, «Arbeidets helt«-medaljen, Venskapsordenen, Idrettens mester i Sovjetunionen

Sjadrin vart verdsmeister i 1970, 1973, 1974, 1975 og 1978. Både frå Vinter-OL 1972 og Vinter-OL 1976 reiste han heim som olympisk meister. I tillegg vann han to VM-sølv og ei VM-bronse.

Senterløparen Sjadrin spelte på Spartak Moskva frå 1965 til 1979 og danna over mange sesongar ei frykta fyrsterekke i lag med vengane Aleksandr Jakusjev og Aleksandr Martinjuk. Han vart sovjetisk seriemeister 1967, 1969 og 1976, samt cupmeister i 1970 og 1971. Frå 1979 til han la opp i 1983 var han aktiv for den japanske ishockeyklubben Ōji Seishi, seriemeister 1982 og 1983.

Kjelder endre