Aleksandr Jakusjev

Aleksandr Sergejevitsj Jakusjev (fødd 2. april 1947) er ein russisk tidlegare ishockeyspelar frå Balasjikha i Moskva oblast. I tida 1969-83 vann han sju VM-gull og to OL-gull for Sovjetunionen.

Aleksandr Jakusjev


Statsborgarskap Sovjetunionen, Russland
Fødd 2. januar 1947 (77 år)
Balasjikha
Idrett ishockey
Tok del i

Vinter-OL 1976, Vinter-OL 1972

Utmerkingar

Æresordenen, 4. klasse av Orden for tjeneste for fedrelandet, Arbeidets røde fanes orden, Ærestegnets orden, Medaljen forsvarer av et fritt Russland, Medalje ved Moskvas 850-årsjubileum, Merited Coach of the USSR, Fortjent trener i Russland, Idrettens mester i Sovjetunionen, Hockey Hall of Fame, 3. klasse av Fedrelandets fortjenstorden

Jakusjev vart verdsmeister fyrste gongen i 1967, 12 år seinare var han med om å vinne sin sjuande VM-tittel. Både frå Vinter-OL 1972 og Vinter-OL 1976 reiste han heim som olympisk meister. I tillegg vann han to VM-sølv og ei VM-bronse.

Venstrevengen Jakusjev spelte på Spartak Moskva frå 1964 til 1980 og danna over mange sesongar ei frykta fyrsterekke i lag med Vladimir Sjadrin og Aleksandr Martinjuk. Han vart sovjetisk seriemeister 1967, 1969 og 1976 og cupmeister i 1970 og 1971. Frå 1980 til han la opp som aktiv i 1983 gjorde han teneste i austerrikske Kapfenberg.

Kjelder endre