Skisse av ei vogge på meiar

Vogge er ei seng for spedbarn som ein kan gje ei voggande rørsle. Ei vogge kan hengjast opp i tau som ei huske, eller stå på bakken oppå meiar.[1]

Vogger er ei gammal oppfinning som er kjend frå ei rekkje stader i verda. Det er til døme funne ei karbonisert vogge i ruinane etter Herculaneum, som blei øydelagd av vulkanen Vesuv sitt utbrot i år 79.[2]

KjelderEndra

  1. Gjerdi, Trond (12. juni 2018). «Vugge». Store norske leksikon. Henta 11. september 2018. 
  2. «Life and death in Pompeii and Herculaneum». BBC. Henta 11. september 2018. 
  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.