Vokhma (russisk Во́хма) er ei elv i Kostroma oblast i Russland og ei av sideelvane til Vetluga frå høgre. Elva er 219 km lang og har eit nedslagsfelt på 5 560 km².

Vokhma
elv
Land  Russland
Nedslagsfelt 5 560 km²
Lengd 219 km
Munning Vetluga
Kart
Vokhmaelva
59°30′26″N 46°18′48″E / 59.507297°N 46.313355°E / 59.507297; 46.313355

Elva spring ut frå eit aude skogområde nær grensa til Vologda oblast. Den øvre delen av elva er skogkledd og myrlendt. Etter å ha teke imot Votsji veks elva seg stor og får ei breidde på 60 meter og eit djup på 2 meter. Vokhma renn derimot sakte.

Dei største sideelvane hennar er Karjug og Irdom frå venstre, og Pen og Votsj frå høgre. Fem kilometer frå elva ligg byen Vokhma.

Kjelder

endre