Vetluga (russisk Ветлу́га; marisk Вӱтла – Vütla) er ei elv i den europeiske delen av Russland og ei av sideelvane til Volga frå venstre. Elva er 889 km lang og har eit nedslagsfelt på 39 000 km². Elva har ei middelvassføring på 255 m³/s.

Vetluga
elv
Land  Russland
Nedslagsfelt 39 000 km²
Lengd 889 km
Middelvassføring 255 /s
Kjelde Dei nordrussiske høgdene
Munning Tsjeboksary-reservoaret i Volga
Kart
Vetlugaelva
58°23′42″N 47°27′45″E / 58.395°N 47.4625°E / 58.395; 47.4625
Wikimedia Commons: Vetluga River

Elva renn gjennom republikken Mari El og oblasta Nizjegorod, Kostroma og Kirov.

Elva spring ut frå Dei nordrussiske høgdene vest for Kirov, og ho munnar ut i Tsjeboksary-reservoaret i Volga nær byen Kozmodemjansk. Dei største sideelvane hennar er Usta og Vokhma. Elva er framkommeleg for båtar 700 km oppover elva.

Kjelder endre